Ordførar Sven Flo er å ingen måte avvisande til Jan Nydal sitt spørsmål om Geiranger kan bli ein del av Stryn kommune. Han inviterer no til vidare dialog.

Jan Nydal er kommunestyrerepresentant i Stranda. Saman med andre busette i Geiranger som er i ferd med å opprette ei  lita arbeidsgruppe,  ser han Stryn som eit alternativ ved kommunesamanslåing.

Ordførar Sven Flo viser til kommunestyrevedtaket der utgreiing av Stranda, Hornindal og Stryn ligg inne som ein av åtte modellar til utgreiing.

- Stranda kommune har avvist denne utgreiinga. Det tykkjer vi er leit. Stryn kommune ønskjer vidare dialog med dykk, og vil gjerne ha eit snarleg møte med aktuelle aktørar for å diskutere saka vidare, skriv Sven Flo i svaret til Jan Nydal.

-