Selskapet Brødrene Skaug, som er eitt av dei fire selskapa i Stryvo Group, har overteke den tradisjonsrike verksemda Brødrene Sundt Maskinering AS i Østre Aker vei 60 i Oslo.
Brødr. Sundt Maskinering AS, som tidlegare har vore ein av Stryvo sine konkurrentarmelde oppbod 4. januar i år. Brødr. Skaug overtek verksemda frå 18.januar.
Dreiing og maskinering
Maskinpark, nøkkelpersonell og kundeportefølje er eindel av overtakinga av det konkursråka selskapet. Oppkjøpet vilstyrke både Brødr. Skaug og Stryvo Group sin posisjon som einleiande aktør innan maskinering og dreiing i Norge. Brødr. SundtMaskineiring har sine røter heilt tilbake til 1890, og har gåttgjennom fleire utviklingstrinn, sidan 1982 har selskapet operertsom spesialverksted innan dreiing og maskinering. Kompetansen iselskapet er viktig å ta med vidare, og nøkkelpersonell verttilsett i Brødr. Skaug, heiter det mellom anna i pressemeldinga.
- Årsaka til at vi har overteke, er samansett, seier konsernleiar Jostein Bøe til Fjordingen.
- For det første har dei fine verkstadlokale, og maskinparken er framifrå. Det siste gjer at vi blir meir fleksible også ved avdelingane i Stryn, Bismo og Florø.
Stor omstilling
- Så de satsar i nedgangstider for olje- og gassindustrien?
- No skal vi hugse på at det ennå er 75-85 prosent igjen av marknaden. Dermed er det mykje produksjon igjen. Det gjeld å gripe den. Vi vil framstå som ein truverdig aktør som er i stand til å yte for dei store leverandørane. Vi er inne i ei omstilling på marknadssida og internt i bedrifta. Vi ser optimistisk på framtida. Større konkurranse medfører både spissing og nødvendig omstilling, seier Bøe.
Styreleiar i Stryvo Group, Oddvar Strand er samd:
- Nedgangstider krev omstilling og planlegging for framtida. Vi har gjort mange ting og bygt alliansar og har fått god hjelp frå virkemiddelapparatet. Vi skal kome godt ut med eit resultat på fem prosent av omsetninga i 2015.
Samla budsjetterer Stryvo Group med 120 mill. kroner i 2016. Konsernet med i alt 65 medarbeidarar har produksjon i Stryn, Florø, Bismo og Oslo.