– Dette gler eg meg til, seier Jon-Ivar Nygård (Ap). På spørsmål frå Fjordingen om kvifor han sa ja til å føreta den offisielle opninga av Motorfestival Stryn 2022, er svaret enkelt:

– Eg synst det er spennande å vere på ulike arenaer og møte folk med interesse for vårt felt. Eg er jo bilminister og, seier Nygård.

Han kjem til Stryn fredag, og opninga skjer utanfor Strynehallen på ettermiddagen, der motorfestivalen tradisjonelt er fylt opp med mange titals storbilar.

Sjølv har han lite personleg erfaring med storbil, men han røper at han for mange år sidan hadde sommarjobb i anleggsbransjen. Og då køyrde han både dumper og hjullastar.

– Kva med raske bilar? Motorfestivalen speglar jo eit mangfald, frå storbil til raske bilar og heilt vanlege bilar.

– Eg fekk lov å vere passasjer i ein rallybil på Oslo Motorshow ein gong. Det vart ei fartsoppleving, kan du trygt seie.

Debatten rundt ny strynefjellstunnel har gått og går i desse dagar. Statsråden seier han ikkje har med nokon presentasjon eller noko nytt om Strynefjellsvegen når han kjem.

– Nei, det er ikkje difor eg kjem. Eg kjem for å møte folk og snakke med folk med interesse for bil og trafikk. Og det gler eg meg til.

På føremiddagen 3. juni skal samferdsleministeren og halde innlegg på Samferdslekonferansen 2022 arrangert i Loen. Hovudfokus for konferansen er rv 15 Strynefjellet.

I 2018 kom dåverande samferdsleminister Ketil Solvik Olsen (Frp) til Stryn for å opne motorfestivalen. Nore få veker seinare kom han med avgjerda om å byggje ny strynefjellstunnel med arm til Geiranger.