Klokka 12.52 fekk politiet melding om ei mogleg luftsportsulykke i Loen etter at ein person sette ut frå Hoven med speedglider og vart borte. Vedkomande var i eit følge med to andre som varsla politiet då dei ikkje såg att personen.

– Ein luftsportsutøvar er lokalisert i vanskeleg terreng i gjølet nedfor toppen. Redningshelikopter og alpin redningsgruppe er på veg. Tilstanden på vedkomande er ukjend, seier politioverbetjent ved Stryn politikontor, Vidar Stavik til Fjordingen.

– Redningshelikopter jobbar no med å hente ut ein person frå fjellet. Tilstanden på vedkomande er ukjend, men ifølge operasjonsleiar på staden skal det vere snakk om ei alvorleg ulukke, opplyser Fjordingen sin journalist på staden.

– Politiet oppretter sak og vil etterforske ulukka, og blant anna snakke med vitner, seier Stavik.

Observasjon av vedkomande er gjort i dette området nedanfor toppen av Hoven som er ein populær hopplokasjon for luftsportsutøvarar Foto: Thomas Thaule
Helikoptersøk i veggen nedanfor det 1011 meter høge fjellet Hoven Foto: Thomas Thaule / Fjordingen