Totalt fordeler Medietilsynet 388,7 millionar kroner i produksjonstilskott til 146 aviser i år. Det er ein auke på 19 millionar kroner frå i fjor. Regjeringa har øyremerkt 8 millionar kroner til dei minste lokalavisene.

– Alle skal ha et godt medietilbod, uavhengig av kor dei bur. Vi vil bidra til at lokalavisene kan halde fram å gi oss god, samfunnsviktig journalistikk, og at dei samtidig kan drive med omstilling. Derfor rettar vi meir av produksjonstilskotet til dei minste lokalavisene, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.

Dei 8 millionane blir fordelt på om lag 100 lokalaviser.

– Lokalavisene er viktige både for lokalsamfunna og det totale mediemangfaldet, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.

Lokalaviser i vårt område

Her kan du sjå kva lokalaviser nær deg får i mediestøtte:

AvisnamnProduksjonstilskudd 2022Produksjonstilskudd 2021Prosentvis endring
FIRDA TIDEND967 873862 10412,3
FIRDAPOSTEN815 911717 62413,7
FJORDABLADET967 873862 10412,3
FJORDENES TIDENDE815 911655 70424,4
FJORDINGEN967 873862 10412,3
SYNSTE MØRE951 591846 62412,4
YTRE SOGN967 873862 10412,3
FISKERIBLADET10 731 04411 815 558-9,2

Her kan du sjå lista over dei som får mest:

AvisStøtte 2022Støtte 2021Endring (kroner)Endring (prosent)
Klassekampen39 933 55641 738 577-1 805 021-4,3
Bergensavisen34 625 38835 894 643-1 269 255-3,5
Dagsavisen28 286 95834 630 033-6 343 075-18,3
Vårt Land26 828 62431 067 938-4 239 314-13,6
Nationen21 022 44721 006 19216 2550,1
Dagen14 849 96517 841 768-2 991 803-16,8
Morgenbladet11 128 10011 028 69999 4010,9
Fiskeribladet10 731 04411 815 558-1 084 514-9,2
Nidaros9 956 0788 309 4701 646 60819,8
Sandnesposten8 103 3143 131 2794 972 035158,8

Sjå lista over alle som får mediestøtte og kor mykje dei får her

Klassekampen får framleis mest

Med ei støtte på nær 40 millionar kroner, får Klassekampen mest i støtte, i år som i fjor. Avisa får likevel 1,8 millionar kroner mindre i støtte i år enn i 2021, tilsvarande 4,3 prosent.

– Klassekampen og Bergensavisen får mindre i støtte enn i fjor, fordi fleire nye aviser har kome inn i ordninga. Dagsavisen, Vårt Land og Dagen får også mindre, men der er årsaka i hovudsak at desse avisene har lågare opplag, seier Velsand.

Av dei ti største avisene får Dagsavisen størst reduksjon i støtte, både i kroner og prosent, med ein nedgang på 6,3 millionar kroner, eller omkring 18 prosent. Dagen får 3 millionar kroner mindre, tilsvarande ein nedgang på nesten 17 prosent, mens Vårt Land får ein reduksjon på 4,2 millionar kroner, tilsvarande eit fall på nesten 14 prosent.

Sandnesposten kjem inn på lista over dei ti avisene som får mest støtte, etter ein auke i støtta på 5 millionar til 8,1 millionar kroner. Årsaka til auken er at avisa hadde fleire utgivingar i veka i 2021 enn i 2020 og auka opplag. Nesten halvparten av støtta går til dei ti største mottakarane i ordninga.

Sju nye aviser får støtte i år

Sju nye aviser kvalifiserer for å få støtte i år: Avisa Oslo (5 680 263 kroner i støtte), iHarstad (1 848 912 kroner i støtte) , iLevanger (1 702 374 kroner i støtte) , VårtOslo (1 815 302 kroner i støtte), Steinkjer24 (1 199 827 kroner i støtte), Randaberg24 (615 150 kroner i støtte) og MittKongsvinger (1 477 872 kroner i støtte).

Alle dei nye mottakarane er nettaviser. Med unntak av ei avis, får alle støtte som nummer to-aviser. Dette er abonnementsaviser som konkurrerer med ei større avis på utgivarstaden, og har ein svakare posisjon i den lokale annonsemarknaden enn konkurrentane.

Dei tre avisene Kragerø Blad, Tvedestrandsposten og Jarlsberg Avis gjekk ut av ordninga i 2022 fordi dei fekk høgare overskot i fjor enn reglane for å ta imot produksjonstilskott tillèt.