Trenden med leiligheiter og fortetting er ikkje heilt ny i sentrumsområda i Nordfjord. Men det ein har sett siste åra, er ei vidareutvikling av det urbane levesettet til større blokker med leiligheiter, gjerne bygd med prefabrikkerte betongelement, med parkeringskjellar under og heis til kvart plan. Inngangen er via svalgang på baksida, og i fronten kan ein forvente å finne opa løysing med stove og kjøken, med direkte utgang til forhåpentlig solrik terrasse. Mellom blokkene er fellesområde, med leikeplass for born.

Det er nettopp dette konseptet ein finn i Bøahagen, eit prosjekt i regi av grunneigar Halvard Bøe og HS Eigedomsutvikling, eit selskap i same gruppe som entreprenørverksemda HS Bygg.

For folk som ynskjer ein lettvint kvardag i ein moderne bustad, er konseptet lett å falle for.

Fin uteplass: Ein kvalitet i Bøahagen er romslige solvendte terrassar direkte ut frå opphaldsrom. Her står Kamilla Rake på sin. Foto: JØRN-ARNE TOMASGARD

Femminuttssamfunn

Kamilla Rake fortel at ho og sambuaren Sondre Tenden tidlegare budde i gata i Stryn sentrum.

– Der var det liv og røre heile tida. Her oppe er det sentrumsnært, men du slepp støyen. Vi var dei første som flytta inn her. I desember er det fem år sidan vi flytta inn, fortel ho. Paret har ei dotter på to år, barn nummer to er på veg.

Leiligheita dei bur i er i overkant av 80 kvadratmeter. Dei har to soverom, bad og vaskerom i tillegg til opphaldsrom og ein romsleg terrasse. Alle leiligheitene har sportsbod, og parkeringsplass i garasjeanlegget under.

– Det er ein god stad å bu, seier Kamilla som også er avgåande styreleiar i sameiget. Ho jobbar i barnehage i sentrum, slik at alt er lagt til rette for en lettvint kvardag i småbarnsfasen der spart tid er verdifullt. Mora hennar bur i nærleiken. Det blir ein kvardag med fem minutt til alt.

– Det er heilt supert å bu her, med fint uteområde der vi har det sosialt vår og sommar. Vi har mellom anna ei grillhytte på uteområdet der vi stadig vekk fyrer opp bålpanna. Vi prøvar å skape godt samhald. Det er noko med å ha naboar du er godt kjent med.

Femte året: Kamilla Rake og sambuaren var dei første som flytta inn i Bøahagen. Dei har budd her i over fire år. Kjøkenet er frå Norema. Det er open løysing mellom stove og kjøken, og direkte utgang til terrasse. Foto: JØRN-ARNE TOMASGARD

Godt inneklima

Kamilla peikar på energiløysingane i ei slik blokk som gode og miljøvennlige.

– Det er vassboren varme frå fjernvarmeanlegg med oppvarming i golva. I vår leiligheit får vi varme både nedanfrå og ovanfrå. Her er også ventilasjonssystem, slik at det blir lunt og godt inneklima.

Planen etter kvart er at dei skal overta farsgarden til mannen på Tenden ved Mindresundet. Då er planen å selje leiligheita. Men det blir ikkje med det første.

– Vi har mykje vi må ordne med oppussing av hus, før vi kan flytte inn på garden. Det er praktisk å kunne bu her til alt er i orden der.

Ho trur marknaden for vidaresal er bra.

– Slik marknaden er for sal av hus og leiligheiter i Stryn, trur eg ikkje det er noko problem å få selt vidare.

Kort veg til sentrum frå Bøahagen. Foto: JØRN-ARNE TOMASGARD

Moderne gardsdrift

Halvard Bøe er etter kvart blitt ein erfaren næringsutviklar i Stryn, etter at han har drive med alt frå utvikling av hytter til leiligheiter og småkraftverk. Mykje av verksemda har utgangspunkt i garden han eig i Bøabakkane. Familien bur sjølv i eit hus rett ovanfor Bøahagen. Prosjektet blir bygd på farsgarden til Halvard.

– Eg overtok garden med 30 mål innmark etter far min som dreiv med mjølkekyr. Det er ikkje lenge sidan, men tidene endrar seg. Eg driv ei form for gardsdrift eg også, seier Halvard. Han fortel at forteneste frå selskapet HaBøe AS blir brukt til utvikling av nye prosjekt.

– Vi var ni bruk som selde 150 hyttetomter på Bøanedsetra, og vi utvikla Vikaelva kraftverk med 30 medeigarar. No utviklar vi Bøahagen i samarbeid med HS Bygg som er entreprenør og medeigar. Vi eig selskapet 50-50. Vi er glad i lokal verdiskaping og prøvar å nytte flest moglege lokale verksemder, fortel Bøe. Han nemner Stryvo som leverandør av stål og Stryn Betongelement som to av underleverandørane.

Bøe fortel at dei byrja planlegge Bøahagen-prosjektet for ti år sidan, og starta bygginga i 2016.

Driv moderne gardsdrift: Då Halvard Bøe vaks opp, dreiv faren med mjølkekyr på garden i Bøabakkane. Området må kunne kallast indrefileten av tomteareal i Stryn sentrum, og Halvard utviklar det sjølv gjennom selskapet HaBøe AS Foto: JØRN-ARNE TOMASGARD

Selt 24 av 25

Sjølv om det alltid er ein viss risiko og uvisse med slike storsatsingar, er Bøe nøgd med utviklinga i prosjektet så langt.

– Vi har selt 24 av 25 leiligheiter i første byggetrinn. Storleiken varierer frå 62 kvadratmeter til toppleiligheitene på 102 kvadratmeter. Firemannsbustadene framfor leiligheitsbygget er også 102 kvadratmeter. Vi tek sikte på å starte utbygginga av andre byggetrinn mest mogleg direkte, litt avhengig av førehandssalet, seier Bøe.

Grunnarbeidet med dei første murane er allereie kome opp til neste byggesteg som blir tilnærma identisk med den blokka som står der no. Til saman er det planlagt 50 leiligheiter i prosjektet.

Eit usikkerheitsmoment no er at byggekostnadene har auka kraftig siste året. Den siste leiligheita på 102 kvadratmeter som vart selt i første byggetrinn hadde ein prislapp på 4,5 millionar kroner.

– På grunn av auka kostnader må prisen opp i neste byggesteg. Så får vi berre sjå om det påverkar interessa. Men kostnader og inntekter må henge ihop, påpeikar Bøe.

– Kjøparane her er alt frå tilflyttarar, til barnefamiliar og eldre som sel einebustad for å få ein meir lettvint kvardag. Sjølv om vi eigentleg hadde forventa fleire i den siste kategorien.