Silje Greidung frå Stryn kunne glede seg ekstra etter ungdommens kulturmønstring (UKM) i Stryn kulturhusi går kveld. Med sitt glitrande gitarspel gjekk ho vidare tilfylkesfinalen i Førde, men også eit bilete frå utstillinga signertSilje skal sendast til fylkesfinalen i UKM som igjen vert arrangertpå heimebane.
Fullsette seterader skapte ei flott stemning for deiunge som hadde mot til å syne kva dei kan. Også i år avvikla kommunane Stryn og Hornindal felles mønstring. Og det var mykje å verestolte av, både på scena og i utstillinga. Du kan lese fyldig reportasje frå årets UKM i tysdagsavisa.