Kontaktutvalet for Olden og Oldedalen meiner at innsnevra bussoppstillingsplass kan kompenserast med ny avkøyrsle og køyremønster etter modell frå flyplassterminalar.

– Flytt innkøyringa så langt nordover som det er mogeleg, opprett ventesone og sørg for logistikk som gjer at turistane kjem seg raskt om bord i bussane. Med eit slikt opplegg vil ikkje avstenging på kaiområdet føre til dårlegare kapasitet, seier Ketil F. Hansen, representant for 43 medlemsbedrifter tilslutta Kontaktutvalet for Olden og Oldedalen.

Bakgrunnen for innspelet sendt til Nordfjord Havn og Stryn kommune, er rapporten frå Norconsult som konkluderer med fare for masseutgliding på terminalområdet. Og der det blir konkludert med at ein bør skjerme yttarste tre meter for trafikk.

– I påvente av at fronten mot kaia vert sikra, kan ein lage til eit tre meter breitt felt. Der 1,5 meter er vrimleområde for turistar og 1,5 meter sone for overheng til bussar. Den fysiske avgrensinga kan skje ved oppsetjing blomsterkasser som vil gjere kaiområdet endå finare, seier Ketil F. Hansen til Fjordingen.

– Korleis vert det mogeleg å halde oppe busskapasiteten når tre meter av terminalen må stengast av?

– Det kan skje ved å flytte innkøyringa så langt nord som mogeleg. Då får vi ei lang strekning der bussane kan stå oppstilte før dei kjem inn på sjølve kaiterminalen for ombordstiging. Derifrå køyrer bussane inn på fylkesveg 60 like ved Mølla. Med god dirigering vil dette fungere godt.

– Kva må til for å etablere ei ny innkøyring i nordenden av kaiområdet?

– Det må fyllast opp i høgde med fylkesveg 60. Men det skulle ikkje by på problem. Arealet er kommunalt og tiltaket som vi skisserer, ligg innanfor gjeldande reguleringsplan. Det kjem ikkje i konflikt med noko av det som er gjort på kaiområdet. Heller ikkje planane på sørsida av kaia, hevdar Ketil F. Hansen.

– Kor mange bussar vil kunne vere inne på terminalområdet dersom de får gjennomslag for planane?

– Det kjem litt an på korleis ein har oppstillinga. Men vi ser føre oss at det blir plass til 8–10 bussar i ventesona og like mange inne på terminalen, der turistane på same måte som tidlegare får trygg og god ombordstiging.

Ketil F. Hansen reagerte på medieoppslag som med tilvising til Norconsult-rapporten fortalde om fare for at kaia i Olden kunne rase ut.

– Det er grunn til å presisere at dette gjeld terminalområdet og ikkje kaia som er forankra i fjell, understrekar han.

88 skip er venta til Olden denne sesongen.

– Olden har rykte for å vere mellom dei aller beste cruisehamnene. Ikkje minst når det gjeld utflukter. Difor er det viktig at vi i opprettheld den gode logistikken som møter turistane når dei kjem til bygda vår. Innspelet frå Kontaktutvalet for Olden og Oldedalen er meint som eit positivt bidrag til å løyse utfordringane som knyter seg til avgrensing av kaiterminalen, seier Ketil F. Hansen.

Les meir om saka i papiravisa,