Etter mykje øving dei siste vekene er strynerussen klare for revy. Siste innspurten skal gjerast denne onsdags ettermiddagen før det brakar laust i kulturhuset i kveld.

- Publikum kan vente seg både humoristiske og musikalske innslag. Vi har filminnslag og mykje spanande, men eg kjem ikkje til å røpe noko meir, seier revysjef Helga Vik Skrede. Årets russerevy har namnet «Dritseint med Strynerussen» som er inspirert av TV-programmet «Dritseint med Edel».

I år er det både raudruss, blåruss og svartruss som set opp revyen. Dette er i alt om lag 100 elevar. Helga Vik Skrede seier det har vore ein krevjande jobb å måtte ta hensyn og ansvar for så mange, men det har vore kjekt. Ho seier at både elevar frå studiespesialisering og yrkesfag er avgangselevar, og tykkjer det er kjekt når dei er så mange i lag om dette. Det er viktig at alle skal få moglegheita til å delta.

I påskeferien fredag 18. mars er det satt opp ekstraframsyning for dei som ikkje får moglegheita i kveld.

– Det er mange som kjem heim til påske, så det er kjekt at folk kan få sjansen til å sjå den då, seier Helga Vik Skrede.

Revysjefen er spent på å sjå korleis det går, og meiner dette blir kjempebra!