I pausen under vestlandsoppgjeret mellom Sogndal og Bergen laurdag var det ein annan fotballklubb som fekk fokus og heider. For då fotballkrinsen, Sogndal Fotball og Canal Digital skulle dele ut 50.000 kroner, var det Stryn Turn&Idrettslag som vart henta fram.

I konkurranse med over 20 andre søknader stakk Stryn av med gåvesjekken frå prosjektet «Gir tilbake». Pengane går til satsinga på såkalla trear-bane, ein liten fotballbane for tremannslag. Ein slik bane er perfekt utviklingsarena særleg for dei minste borna, og vil og bli brukt av Stryn United som er dei funksjonshemma sitt lag.

Juryen har merka seg den allsidige satsinga Stryn Fotball står for, både når det gjeld aldersspenn og ferdigheiter. Suksessen med spelarutvikling, tilbodet til born og unge, inkluderingstiltak overfor funksjonshemma og utvikling av idrettsparken er blitt vektlagt av juryen.

Stryn Turn & Idrettslag har god historikk i å tenkje både breidde og topp i fotball. Klubben har utvikla mange spelarar til nasjonalt og internasjonalt toppnivå, og har ambisjon om å halde fram med det. Flo Aktiv og proffveka er to av mange døme på satsing på born og ungdom. Samarbeid og utvekslingsavtaler med naboklubbar er andre døme på korleis ein kan og bør jobbe for å få talenta fram.

I ei tid der A-laget ser ut til å bli offer for serieomlegginga og risikerer nedrykk til 4. divisjon, kan prisen på 50.000 kroner til rekrutteringsarbeidet vere ein god spore til vidare offensiv innsats. Skal Stryn ta steget opp att, må det jobbast solid og breitt i alle aldersgrupper. Med 50.000 kroner på konto, er viktig finansiering på plass for ei fotballens leikegrind som arnestad for nye gode utøvarar.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør