Hoppsporten i Sogn og Fjordane jubla då Norges Skiforbund i januar 2008 peika ut Bjørkelibakkane som eitt av sju hoppanlegg som skulle få millionstøtte til plastlegging.

- Dette vil vere formidabelt for hoppmiljøet i fylket, uttalte adm. sjef Yngve Thorsen i Sogn og Fjordane Skikrins til Fjordingen.

- Veten IL skal gjere sin del av jobben for å få realisert planane i Bjørkelibakkane, lova Ola Ødegård og synte til positive årsmøtevedtak.

- Finansieringa føreset at spelemidlane dekkjer 33 prosent av plastlegginga, medan millionen frå Norges Skiforbund tek finansieringa opp til 50 prosent. Når vi no har fått to avslag på spelemidlar, seier det seg sjølv at det blir vanskeleg å få realisert prosjektet, seier Erik Ivar Ulvedal som signerte søknaden om spelemidlar. Noverande leiar av Nordfjord Fritidssenter, Inger Langvik, er av same oppfatning. Ho viser til at sjølv om fritidssenteret står som søkjar, er dette eit prosjekt i regi av Veten IL.

- Korleis ser du mogelegheitene for å få bygt plastbakkar etter to avslag på spelemidlar, Veten-leiar Thorolf Aarøren?

- Vi skal drøfte saka på styremøte i neste veke. Viss der ikkje dukkar opp nye og spennande ting, ser eg ingen moglegheit for å kunne gje tilbod om plasthopping i nær framtid.

- Avslaget på spelemidlar betyr kroken på døra for prosjektet?

- Veten IL har ikkje mulegheiter for å ta kostnaden. Etter å ha fått avslag på tippemidlar to år på rad, ser eg liten grunn til å bruke ressursar på ein tredje søknad.

-Ja, og nedturen er truleg aller størst mellom dei i Sogn og Fjordane Skikrins som jobbar med rekruttering til hoppsporten. For Veten IL er dette ei tosidig sak. Samstundes som vi ønskjer å bidra til betre tilhøve for hopparane i fylket, er dette eit marginalt prosjekt som set store økonomiske krav til eit lite idrettslag. Midlar til plastlegging konkurrerer også med spelemidlar til andre anlegg. Når fylkeskommunen gjennom si prioritering ikkje støttar prosjektet, blir det heile svært vanskeleg. Men som sagt, saka har enno ikkje vore oppe i styret til Veten IL og vi får sjå kva som kjem fram på møtet i neste veke, sluttar Thorold Aarøen.

Det brenn eit blått lys for plastlegging av Bjørkelibakkane. Foto: Harald Vartdal