Sogn og Fjordane politidistrikt tel i dag åtte regionar og 23 lensmannskontor. Frå nyttår skal åtte regionar bli til tre. Ein i Nordfjord, ein i Sunnfjord og ein i Sogn. Nordfjord som i dag er delt i to regionar, blir ein. Vanylven lensmannskontor følgjer med i den nye regionen, sjølv om dette lensmannskontoret ligg i Møre og Romsdal.

Omlegginga frå åtte til tre regionar har skapt til dels kraftige diskusjonar i Sunnfjord. Men ved Stryn lensmannskontor vert endringa helsa velkomen både av lensmannen og dei tilsette.

- Nordfjord er allereie langt framme med omsyn til samarbeid. Vi har etablert vaktsamarbeid og mannskapet samla sett er i ein slags flyt der vi låner personell av kvarandre ut frå kva kompetanse det enkelte kontoret måtte trenge til ei kvar tid. Dette fungerer godt, seier Inger Lill Lanes, lensmann i Stryn og Hornindal.

Vidar Stavik, tillitsvald ved Stryn og Hornindal lensmannskontor, seier han alltid har sett positivt på regiontanken for Nordfjord.

- Vi i Nordfjord har samarbeid om vakt og har elles kome lengst i regiontanken i Sogn og Fjordane. Det er semje i Stryn om å slå to regionar saman til ein. At det er usemje i Sunnfjord, skuldast nok at samanslåinga byr på større endringar der enn hos oss, seier Stavik.

Les meir i papirutgåva

Lensmann Inger Lill Lanes og politibetjent Vidar Stavik er samde om at det er fornuftig å gjere Nordfjord om til ein felles politiregion. Foto: Bengt Flaten