Aksel Matias Meland er tilbake i norgestoppen etter å ha slite med sjukdom og motgang i før jul. 17-åringen, som avslutta sesongen i fjor med siger i Young Star i Holmenkollen og i sesongavslutninga på Liatoppen, hadde ingen god haustsesong i år.

- Eg har hatt ein del motgang. Men eg fekk trent godt i jula for å prøve å finne tilbake til toppformen, seier han til Fjordingen.

Og i dag var han tilbake i toppen:

I dagens norgescup i sprint vart han nummer to med to fulle hus, berre slått av Filip Fjeld Andersen frå Geilo.

- Skytinga følte eg at eg hadde stålkontroll på. Det gjekk også heilt greitt i sporet til sisterunden, men då vart det litt tyngre, seier Aksel, som med seint startnummer fekk svært lause spor å gå i.

- Men eg følte eg fekk teke meg bra ut i dag, seier han.