Stryn og Eid kommunar startar i slutten av jaunuar opp kurs i meistring av depresjon. Målgruppa  er menneske medmilde /moderate depresjonar.

- Kurs i meistring av depresjon (KiD) er utarbeidd for vaksne som iperiodar kjenner seg nedstemte eller er deprimerte (frå lett tilmoderat) på ein slik måte at det går ut over evna til å fungere ogpå kvaliteten på livet, seier kursleiar Linda Hopland Bergset frå Stryn kommune. Ho har med seg Inger Lise Nordnes frå Eid som co-leiar.

Mål med kurset:

  • Å gjere grad av nedstemtheit/depresjon mindre

  • Å kortened på varigheita av depresjon

  • Å gjere dei negative følgjene avdepresjon mindre

  • Førebyggje nye episodar med depresjon

- Kva går kurset ut på, i korte trekk?

- Dette er eit kurs som er bygd på kognitiv, sosiallæringsteori. Kursdeltakarane lærer å verte merksam på eigne tankarog å sjå samanhengen mellom tankar og følelsar. Dei lærer å vurdereog å endre sine negative tolkingar av det som skjer, og å kjenneigjen og endre negativt mønster på tankar og handlingar, opplyser kursleiarane.

Kurset er bygd pååtte samlingar med 8-12 deltakarar i kvar gruppe.

- Det er ikkje naudsynt å fortelje om eigne problem igruppa, understrekar kursleiarane.

- Kursdeltakarane arbeider med problema heime ved hjelp avmetodar og teknikkar som dei lærer på kurset. Heimearbeidet er såleis ein viktig del av kurset.

- Må ein ha henvisning av lege for å kunne vere med på kurs i depresjonsmeistring?

- Kursdeltakarane kan sjølve ta direkte kontakt, eller dei kan bli henviste til kurset frå sin fastlege,sin behandlar eller helsetenesta.