Yvonne Aarvik Ulstein og Patrick Kvalsvik Uttakleiv var to av fleire som såg ulukka med speedglideren på Hoven tysdag, men dei var dei einaste som sprang ned til den skadde og hjalp til.

– Vi var fleire som såg det som skjedde, og det gjekk eit gisp gjennom dei som stod der då skjermen kollapsa og mannen gjekk i bakken. Likevel var det berre vi som sprang ned til den skadde, fortel paret frå Ulsteinvik.

– Patrick sprang først medan eg ringde 113, så sprang eg ned. Eg trudde fleire følgde etter, men det skjedde ikkje. Vi vart åleine både med varsling og hjelp til den alvorleg skadde mannen til hjelpemannskap kom. Og det var ganske lenge. Kva hadde skjedd dersom vi ikkje sprang? Hadde mannen blitt liggjande åleine? Plassen han gjekk i bakken var ute av syne frå take-off plassen, poengterer Patrick og Yvonne.

Ho er sjølv sjukepleiar og minner om ansvaret ein har til å hjelpe ved ulukker.

– Kanskje folk trudde det gjekk bra eller ikkje torde. Men alle kan bidra med noko, seie Yvonne. Opplevinga med publikum som ikkje engasjerte seg meiner ho og Patrick var skremmande.