Cruiseskipet Disney Magic gjesta i dag Olden. Skipet, som er eitt av totalt fire skip som tilhøyrer Disney Cruise Line, går i sommar for første gong i cruisetrafikk i Nord-Europa.

- Dette er noko vi har jobba hardt for, og vi set stor pris på at Disney Cruise Line har valt å legge cruise til Nord-Europa denne sesongen. Vi håpar dette er den første av mange sesongar, seier Jens Christian Skrede, direktør for Cruise Europe.

Kaptein Tom Forberg og Mikke Mus overrekkjer gåve til Jens Christian Skrede i Cruise Europe. Foto: Gunnhild Sindre

Cruise Europe er det største cruisenettverket i verda, med totalt 118 medlemmar. Dei fleste er cruisehamner, nokre er også turoperatørar. Etter tilbakemeldingane å døme, kan Skrede sitt håp om fleire sesongar bli oppfylt.

- Eg trur vi kjem til å ha båt på Nord-Europa jamnleg framover, seier den norske kapteinen på Disney Magic, Tom Forberg.