Sommaren slo inn for fullt over indre Nordfjord denne veka. Og han ser ut til å halde fram, i følgje statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid frå Olden.

- Langtidsutsiktene ser meget bra ut. Laurdag er den einaste dagenmed dårleg ver. Det vil det bli ein del skyer denne dagen overindre Nordfjord, og kanskje nokre få drypp med regn. Elles er det mykje flott ver i vente, med mykje sol og makstemperatur rundt 25grader. Nattetemperaturane er venta å bli rundt 12-15 grader. Vindretninga er på søraust, så det ereit godt tegn, seier Fagerlid.

- Tysdag/onsdag i neste veke er det venta at det skaltrekke inn regn i Sør-Norge. Desse dagane kan indre Nordfjord venteseg ein meir skya vertype. Men framleis tørr, fordi det fortsatt er venta vind frå søraust. Så sommaren kom seint i år, men godt! seier statsmeteorologen.