Stryningen Jan Egil Gjørven dukka brått opp i "gullrekkja" på TV fredag kveld.Ikkje meir enn to-tre sekund, men dog.
Det var iunderhaldningsprogrammet Nytt på Nytt at funksjonæren ogskiskyttarpappaen frå Stryn og Markane IL fekk sine sekund irampelyset. Den korte snutten av Gjørven som bora hol i telen påUllsheim fekk sjølvsagt nytt innhaldi typisk Nytt på Nytt-ånd. I følgje dei var det boring etter oljesom gjekk føre seg.
- Sjølv om oljeprisane har falle kraftigfortset folk å leite etter olje, innannonserte John Almås, før vifekk eit kort glimt av Gjørven som bora i marka på skistadion påUllsheim.
- NRK Sogn og Fjordane hadde ein reportasje om snøproduksjon førnorgescupen i skiskyting, og det vart då eit lite innslag fråstandplass der det kun er tele og mykje arbeid for å merke oppstadion, ca 250 løypeskillarar der vi måtte bore alle hola, forklararGjørven og legg til med eit smil:
- Elles er livet som "tv-stjerne"ok!