Før jul bad dei fire ordførarane i kommunane Stryn, Hornindal, Volda og Ørsta om å få møte kommunalminister Jan Tore Sanner før 20. januar. Dette i samband med at dei fire kommunane har hatt fleire samtalar om mogleg samanslåing på tvers av fylkesgrensa. No har Sanner invitert ordførarene den 18. januar.

Kommunane hadde møte på Grodås 22. desember, der dei bestemte å vidareføre prosess og samtalar med tanke på å utgreie mogleg samanslåing. Med først ønskjer dei å ha møte med kommunaliminsteren for å kunne avklare ein del viktige spørsmål.

Ørsta og Volda kommune skal ha felles kommunestyremøte i Loen den 20. januar. Her er også kommunane Stryn og Hornindal inviterte. Dei fire kommunane hadde difor ønske om å få møte med kommunalministeren før sitt felles kommunestyremøte.

Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel vart engasjert som døropnar for å få til møte med Sanner. No kan Lødemel stadfeste at møteavtalen er på plass.

- Jan Tore Sanner vil gjerne møte dei fire ordførarane. Han har invitert dei til møte på ettermiddagen den 18. januar, fortel Lødemel til Fjordingen.