Tysdag kveld vil Stryn sentrum vere arena for øving mellom politi, helsepersonell og brannmannskap.

– Øvinga skjer i sentrum og startar med ei hending i lokala til Nordea. Eit mannskap på 20-30 innan ulike redningsetatar vil vere med, og temaet for øvinga er samhandling. Sjølv om mesteparten av øvinga vil foregå inanndørs, vil det og kunne bli aktivitetar på fortauet og i området på utsida av Nordea, opplyser lensmann Lasse Trosdahl.Han vel difor å orientere om øvinga på førehand, slik at folk ikkje vert engstelege.– Om nokon ser mykje redningsfolk i utrykking og væpna politi, handlar det altså om øving og ingen kritisk situasjon. For etatane som ofte jobbar saman på stader med dramatiske hendingar er denne type øving viktig, seier Trosdahl.