Radarparet Åge Aleksandersen og Tore Strømøy fann fram til Frank Sivertsen då dei i 1994 laga TV-programmet «På Loffen» i Stryn.

Den rappkjefta og fargerike bergensaren klinka til med nokre saftige kommentarar, der han m.a. kritiserte kommunen for manglande rydding i Stryn sentrum. «Her er mange tilsette i teknisk etat, men berre nokre få som jobbar», uttalte han på TV-skjermen.

Frank Sivertsen kom til Stryn frå Bergen på 1980-talet. Han fekk ein av dei såkalla «pionerbustadane» på Petterneset, og var godt synleg i bybildet. Der han brukte store delar av dagane til å spyle gatene og rydde. Noko som vart verdsett av Fjordingen sine lesarar, som kåra han til vinnar av avisa sin miljøpris.

Som redaktør hadde eg æra av å overrekkje utmerkinga. Det skjedde som del av 17. mai-programmet i Stryn. Då eg etterpå gjentok gratulasjonen og uttrykte mi glede over å kunne heidre han for jobben som «vaktmeister» i Stryn sentrum, small det på bergensdialekt:

- Ja, og det var jammen på tide at eg fekk prisen!

Det går elles ei historie om då Frank Sivertsen då ein stryning leigde Frank Sivertsen til å måle hytta hans på Strynefjellet. Jobben var utført på fagmessig vis, men det synte seg at det var nabohytta som hadde fått ny farge.......