Natt til laurdag i 00.20- tida rykka politiet ut etter melding om ein rusa mann som bråka ved ein utestad i Stryn sentrum.

Mannen i 30- åra hadde vore hissig og slått etter vaktene på utestaden. Bråkmakaren fekk skyss heim att av politipatruljen. Saka blir følgt opp av Stryn og Hornindal lensmannskontor med anmeldelse av saka.