Vern, restaurering og hotelldrift går hand i hand for dei nye eigarane av tradisjonsrike Visnes Hotel i Stryn. Ein stad der hotell og heim er smelta saman i ei eining.

– Vi har kjøpt oss ein livsstil meir enn ein arbeidsplass, smiler Arvid Otterdal og kona Marit Nordheim.

Men det var også planen: – Vi er opptekne av restaurering, og vi har vore på leit etter ein eigedom, anten småbruk eller noko anna i mange år, fortel dei to som har teke spranget ut i det uvisse.

– Går ikkje på akkord

Marit vaks opp med turistar heime på Nordheim Fjellstove i Hallingdal, men Arvid har ikkje annan bakgrunn enn hotellivet som seljar.

Straks dørene går igjen etter siste overnattingsgjesten, går dei inn i ein lang haust og vinter med restaurering. Akkurat no er det taket på framsida, balkongar og eit nett av små vindauga som skal vølast. Prislappen er 600.000 og Kulturminnefondet tek halvparten av kostnaden.

– Det er for tidleg å seie om vi kjem i mål med kostnaden. Spørsmålet er om det finst rote i tømmeret under skiferen, men uansett blir det inga endring i framsida av hotellet. Vi går ikkje på akkord med den gamle stilen. Skiferen skal tilbake, likeins balkongane og 120 små ruter er framleis liv laga, fortel dei to som ikkje er redde for å ta i eit tak. Det er aldri snakk om modernisering. Det er snakk om vedlikehald.

Det var i mai 2014 dei tok imot første gjestene.

– Knuste ruter og flassande måling gjorde oss tvilande til opning første året, men den engelske bilklubben Morgan stod på bookinglista, og vi tok sjansen. Det har vi ikkje angra på. Når vi fortel at skeive dører og trekk gjennom vindauga er ein del av historia viser gjestene forståing. Etter tre sesongar er vi meir enn nøgde. 97 prosent belegg i juli, og det som kjem av overskot går inn i restaureringa.

Langsiktig prosjekt

Visnes Hotel tok imot første gjestene i 1850. Første delen av høgbygget kom i 1905, og i 1937 stod hotellet ferdig slik det står i dag.

– Vi har mange etappar i restaureringa, men lagar vi gode prosjekt trur vi at kulturminnefondet blir med vidare. Både dei og gjestene våre ser verdien av å sikre eit tradisjonsrikt hotell for ettertida. Vi har gratis draghjelp ved at vi ligg i Stryn. Det er eit kjerneområde for reiseliv, men skal vi vinne fram vil det krevje kontinuerleg restaurering. I dag står den gamle låven som eit tomt skal, men vi har tankar om at det gamle grindverksbygget har ei framtid som selskapslokale.

Marit og Arvid understrekar at Visnes Hotell er eit langsiktig prosjekt. Det er ein trend i tida at turistane søkjer mot denne typen hotell i ferien, men det krev at eigarane tek vern på alvor. Det skal knirke i golv og skrike litt i dørhengslene.

– Bygningen er berre ein del av historia. Når vi leitar i kjellar og på loft er det eit museum som vi vonar å få fram i lyset etter kvart som vi tek tida til hjelp, fortel dei to som selde huset i byggefeltet på andre sida av Stryn sentrum og bygde nytt inn til hotellet.

– Vi måtte ha alt i eitt tun. Området ved bustadhuset er innreia praktisk med asfalt og stein. Vi har ikkje tid for hage. Det er hotellet som har hovudfokus, smiler Arvid og legg til at det som finst av fritid går med til hjortejakt. Hjortekjøtt er hovudingrediens i middagsmenyen anten det er ti eller hundre ved middagsbordet. Her som i resten av hotellet gjeld det gamle ordet om at sjølvgjort er velgjort.

Minner: Her ser vi måleri frå den tid kunstnarane betalte for opphaldet med eit kunstverk. Og her er også største laksen i Stryneelva tilbake frå England i glas og ramme.