Elevar ved Hornindal skule ber i eit brev til kommunestyret om å få gjeninnføre markering av endt ungdomsskuletid.
- Vi i 10. klasse ønskjer å ha ei markering av at vi er ferdige med skulegangen ved Hornindal skule. Dette gjere vi ved at dei som vil brukar oransje snikkarbukser. Det vil føre til ei kjensle av samhald, som igjen fører til ein fin og minnerik slutt med denne klassen, skriv dei i brevet.
Ved fleire skular er det tradisjon for slik oransjeruss-markering, men denne vart avskaffa ved Hornindal skule for nokre år tilbake.
I brevet skriv elevane at ei slik markering ikkje skal få følgjer for skulegangen.
- Vi vil i denne perioden følgje alle skulen sine reglar, både orden og åtferd.