Per Egil Flo (28) kan ha spelt sin siste kamp for Molde FK. Stryningen er kontraktslaus frå 1. januar, og fleire klubbar i Aust-Europa har synt interesse for venstrebacken. I følgje Romsdals Budstikke skal Legia Warszawa vere ein av klubbane som har Flo i kikkerten.

Flo legg ikkje skjul på å vere freista av eit proffopphald i utlandet, men framleis spel i Molde er heller ikkje vere uaktuelt, og klubben ønskjer å ha Flo med vidare. Molde-direktør Øystein Nerland reknar med å få ei avklaring i god tid før klubben tek til med sesongoppkøyringa.