Nils Paul Haugen, Ottar Lødemel, Randi Langlo og rådmann Frank Westad følgde utviklinga i Storelva tett ved skulen. Isen gjekk over nivået for gangbrua som er under bygging. Foto: Bengt Flaten

Det såg dramatisk ut då isen pakka seg i Storelva i Hornindal i ettermiddag. Store is- og sørpemasser blanda med trestokkar og røter pakka seg i elva, og nivået på isen steig faretrugande mot skuleområdet.

Ordførar Edvin Haugen som og er øvste beredskapsansvarlege i kommunen seier til Fjordingen at kommunen valde å evakuere skulen ein halv time før skuledagen var over. All SFO, leksehjelp og anna aktivitet vart avlyst, og heile området ved skulen, gymsalen og også kyrkja er no avstengt for trafikk.

- Vi følgjer situasjonen tett utover kvelden og natta. Vi vil no varsle alle bebuarar langs elva, og vurderer situasjonen fortløpande. Dersom isen ikkje lossnar, vert det ikkje skule i morgon. Vi vil oppdatere kommunen si nettside om situasjonen slik at folk kan følgje med, seier Haugen.

Audun Gausemel og Ståle Hatlelid i Hornindal kommune opplyser at kommunen sine folk har vurdert situasjonen heile måndag, og at skulen har hatt folk ute for å halde oppsyn med elva. Skuleelevane fekk midt på dagen beskjed om å ha på seg utesko inne, i tilfelle dei måtte evakuere. Ikkje lenge etter hadde isen stige såpass raskt at det vart beslutta å avslutte skuledagen før tida

- Vi gamblar ikkje med borna som er framtida vår. Difor vart det bestemt å evakuere. I kveld og natt vil vi overvake situasjonen og følgje med utviklinga langs Storelva og også i andre elvar i kommunen. Klokka seks tysdag morgon vert det nytt møte i beredskapasrådet, og klokka sju tek vi endeleg avgjerd om det vert skule eller ikkje, seier ordførar Haugen.

Ismassane steig fort og faretrugande på slutten av skuledagen. Dermed vart Hornindal skule evakuert før skuledagen var over. Foto: Bengt Flaten
Gapahuken ved elvebreidda nedanfor Hornindal skule kan verte pinneved når isen set seg skikkeleg i rørsle. Foto: Bengt Flaten