Regjeringspartia Høgre og Frp samt Venstre er samde om ein sjukehusavtale som opnar for at Volda framleis kan få behalde kirurgisk akuttberedskap, men der dette vert opp til regionalt helseføretak å avgjere. Partia som har underteikna avtalen har fjerna lista over dei fem sjukehusa der helseminister Bent Høie opprinneleg ville fjerne akuttberedskapen.

I avtalen mellom partia heiter det blant anna at busetjingsmønster, avstand mellom sjukehus, bil- båt- og luftambulansetenester og verforhold skal vere avgjerande for om sjukehus som i dag har akuttkirurgi skal behalde slike tilbod. Vidare heiter det at sjukehus som i dag har akuttkirurgiske tilbod framleis vil ha dette når omsynet til pasienten sine behov gjer dette nødvendig, og kvalitet og pasienttryggleik er ivareteken.

Hornindal-ordførar Stig Olav Lødemel (H) er ein av mange som har uttalt seg i kritiske ordelag mot sjukehusplanen slik han låg føre. Det fordi Volda var eitt av fem sjukehus som var sett opp på lista over sjukehus som kunne bli fråtekne kirurgisk akuttberedskap.

Lødemel har teke til orde for at Nordfjord må telje med i pasientgrunnlaget for Volda når det gjeld akutte tilfelle der Førde er alternativet. Saman med ordførarkollega Sven Flo har han kravd grenseavtale for bruk av Volda som akuttsjukehus også for Nordfjord.

- Er du fornøgd med sjukehusplanen i den utgåva Høgre, Frp og Venstre no har blitt samde om?

- Eg står fast ved kravet om retten til å bruke Volda som næraste akuttsjukehus, og merkar meg med glede at ver- avstand- og geografiske forhold er trekt fram som viktige moment for akuttilbod. Vidare at samarbeid mellom sjukehusa vert løfta fram i sjukehusplanen.  Eg føreset at statsråden no meiner at samarbeid mellom sjukehusa også sjølvsagt betyr utstrakt og nødvendig samarbeid mellom helseføretak. Dersom han meiner det, har vi nådd fram gjennom argumentasjonen vår. Samtidig merkar eg meg at mange framleis uttrykker skepsis til kor sikre akuttsjukehusa er med ein avtale der mykje vert lagt i hendene på helseføretaka. Difor er det viktig å følgje nøye med på prosessane vidare. Sjølv om mykje er blitt betre i den planen som no er underteikna av eit stortingsfleirtal, vert det viktig for oss i grenseområda å følgje opp krava til dei resulterer i faktiske avtaler som gagnar innbyggjarane i stor-regionen vår, seier Lødemel.