Anders Fannemel hadde ikkje sin beste dag i hoppbakken i polske Zakopane. Etter hopp på 126 og 122 meter vart det 15. plass på honndølen.
- Han slit litt med timing og sittestilling. Det er småting og millimeterjusteringar, men som gjere store utslag, var noko av ekspertkommentator i NRK, Johan Remen Evensen, si forklaring på resultatet som må seiast å vere noko under pari.
Fannemel vart dårlegaste nordmann -noko som seier sitt om laginnsatsen til Norge. Kenneth Gangnes var igjen best med fjerdeplass. Austerrikarane Stefan Kraft og Michael Hayboeck vann føre Peter Prevc.
Fannemel ligg no som nummer 14 i verdscupen.