Statens vegvesen har bedt Konkurransetilsynet om å stoppe samanslåinga av Fjord1 og Torghatten. Det nye selskapet blir for dominerande, meiner statsetaten.

Dei to selskapa kjem til saman til å kontrollere litt over 60 prosent av ferjeflåten i landet, skriv avisa Firda.

– Går dei to selskapa saman, kjem det til å svekkje konkurransen i den norske ferjemarknaden. Det er tvilsamt om vilkåra ein oppnår i ein anbodskonkurranse etter at selskapa har gått saman, kan vere dei same som i ein marknad med konkurranse, skriv direktør Jane Bordal i Vegvesenet i eit brev til Konkurransetilsynet.

Sogn og Fjordane fylkeskommune vedtok i fjor haust å selje majoritetsaksjeposten sin i Fjord1 til transportselskapet Torghatten i Brønnøysund. (©NPK)