Det viser seg at resultata som vart presentert i gårsdagens saker frå norgescuprennet på Ullsheim inneheldt feil. Fjordingen sin utsende konkluderte litt for snart, ut frå lister der fleire skyteresultat mangla. No kan vi fortelje om endå betre resultat for fleire av dei lokale løparane.
Det var truleg ein kabel frå standplass til tidtaking som var feil på, og dette medførte at skyteresultata måtte leggast inn manuelt utifrå kontroll-lister, skriv Markane IL på si nettside. Når alle skyteresultata kom på plass seint i går kveld, vart det altså fleire endringar i høve dei resultata Fjordingen presenterte i går.
Meland vart nummer 9
Mellom anna viser det seg at Aksel Mathias Meland rykker opp på ein 9. plass frå sin 12. Også Vegard Skrede frå Hardbagg "klatra" fleire plassar, frå 24. til 18. Vinnaren vart Odin Garli frå Sokna IL.
Sesongbeste likevel
I seniorklassen vart det også betydeleg betre resultat på Markane sine Johan Eirik Meland og Jarle Midthjell Gjørven. Etter korrigeringa er Meland nummer 18 -ikkje 28 og Gjørven nummer 25 -ikkje 31. Meland si plassering er såleis sesongbeste med klar margin!
I klassen gutar 18 år slo dei manglande skyteresultata også positivt ut for våre lokale. Der vart Erlend Bakken Markane IL beste lokale på 34. plass, og ikkje ned på 40-talet som vart hevda i går. Jørgen B. Krogsæter vann denne klassa.