- Ergeleg. Eg var litt for varm på avtrekksfingeren. Veldig dumt sidan eg følte eg hadde stålkontroll, sa ein smått oppgitt Johannes Thingnes Bø til NRK etter den sure fjerdeplassen på sprinten i VM.

Johannes skaut bom på det første skotet på den ståande serien. Han gjekk i mål til tredjeplass men måtte etter kvart sjå ukrainske Sergey Semenov skubbe han ut av pallen med sju-åtte sekunds margin.

Bø gjekk i mål omlag 35 sekund bak den suverene vinnaren Martin Fourcade. Franskmannen vann med ca 27 sekund etter feilfri skyting. Svært gledeleg var Ole Einar Bjørndalen sin sølvmedalje, også han med ti treff på standplass. Sist han gjekk VM i Holmenkollen, for 16 år sidan, vart det femteplass på sprintdistansen. Bjørndalen karra seg inn eit lite sekund føre Semenov og tok sin meisterskapsmedalje nummer 41!

Tarjei Bø hadde ingen god dag. Ein bom på liggjande og tre bom på ståande resulterte i ein plass rundt 50. over to minutt bak dei beste, og såleis også mykje øydelagt for jaktstarten i morgon. Litt plaster på såret var tildelinga av Holmenkollmedaljen som fann stad etter sprinten.

Skuffa: Johannes var tydeleg skuffa etter å bli skubba ut av pallen til fordel for Semenov. Foto: Trude Furuly