Lekkasje på fjernvarmerøyr midt under riksveg 15 mellom Stryn Torg og Kiwi i Stryn sentrum, er forklaringa på at det no er gravd opp på begge sider av miljøgata.

Kjetil Flo i Stryn Energi opplyser at det trass i lekkasjen på eit par kubikkmeter med vatn i døgnet,  framleis vert levert varme.

-Vi har leita etter lekkasjen ein 14 dagars tid, og sist fredag hadde vi ein ekspert på feilsøking frå Sverige på plass. Lekkasjen er å finne i sveisen mellom seks meter lange røyr. Røyra skal no kappast på begge sider av gata og nye røyr vert lagt inn for sveising. Då må vi naturleg nok stoppe leveransen av fjernvarme til seks av kundane. Vi reknar med å få orden på dette før helga. Når så ille var, var det betre at lekkasjen kom no og ikkje i 15 grader minus, seier Flo.