Primæroppgåva deira er å følge opp og sikre at dei elevane som ønskjer å gå ut i lære får læreplass og at dei har ei god og meiningsfull læretid.

– Det betyr at vi skal hjelpe dei og bedriftene slik at ungdomane får lære det dei skal og at dei skal ha det bra på jobb og fritid. Læretida skal vere noko dei verkeleg ser tilbake på med glede, seier Tom-Øyvind Solheim.

Starta i 2016

Nordfjord opplæringskontor såg dagens lys i 2016. Det var eit ønske frå lokalt næringsliv og kommune om å styrke lærlingarbeidet, styrke samarbeidet mellom skule og næringsliv, auke tal læreplassar og rett slett skape noko unikt for Nordfjord.

Og hos opplæringskontoret seier dei ikkje lærlingar.

– Dei er så mykje meir. Dei er Nordfjord si framtid, og vi er så stolte over valet dei har tatt med å ta yrkesfagleg utdanning at vi rett og slett kallar dei superlærlingar, skriv opplæringskontoret på sine nettsider.

Dei har difor superbedrifter, superlærlingar, superinstruktørar og superskular. Og dei som jobbar i lag med alle desse er superrådgivarar.

– Misjonen vår er å sikre at flest mogleg fullfører utdanninga si og får eit fagbrev, seier supersjef Solheim.

Manko på lærlingar

I dag består Nordfjord opplæringskontor av over 90 medlemsbedrifter frå Stadlandet i vest, til Eikefjord i sør, Hornindal i nord og Skjåk i aust.

– Eg trur det er veldig få som bur i Nordfjord som veit kor heldige vi er med næringslivet vårt. Vi har ein fantastisk variasjon når det kjem til typar bedrifter og kva moglegheiter ungdomane våre har. Ein viktig del av vårt virke er difor å fortelje ungdomane om moglegheitene, seier Solheim.

Fleire enn 500 lærlingar har sidan 2016 fått fagbrevet i handa, og i dag er over 250 lærlingar under utdanning i 31 ulike lærefag.

Men opplæringskontoret har støtt på ei utfordring. I 2016 var det ikkje nok læreplassar innan til dømes industri, helse eller bygg. Sju år seinare er situasjonen annleis.

– Vi har for få elevar til å fylle læreplassane. Vi hentar om lag 50 prosent av lærlingane våre utanfor vår region, fortel Solheim.

Utvidar moglegheitene

I dag er dei ni tilsette ved Nordfjord opplæringskontor.

– Vi er veldig opptekne av at dei først og fremst lyttar til seg sjølv.

Solheim meiner samstundes at ei yrkesfagleg utdanning er noko som passar for mange.

– Sjølvsagt for dei som er praktiske, men yrkesfaga er ein kombinasjon av teori og praksis, det er også læretida.

Han meiner at å ta eit fagbrev er noko som utvidar moglegheitene om ein vil gå vidare.

– Om ein vil bli sjukepleiar eller byggingeniør har du ei heilt anna forståing for faget om du har tatt eit fagbrev først. Så då har ein eit godt grunnlag om ein vil gå vidare praktisk eller teoretisk.

Solheim peiker også på at arbeidsmoglegheitene er store.

– Det er utruleg stor arbeidsmanko innan fagpersonell. Men det aller viktigaste er at ungdomane lyttar til draumane sine. Det verste som kan skje er at ein gjer eit omval, og det er slett ikkje feil, seier Solheim, som sjølv er tømrar, har ei lang utdanning innan idrett, har jobba i bank og som lærar.

– Mange forventar at ein skal ha ei rett linje frå skule til arbeidsliv, men slik er det ikkje i dei fleste tilfelle. Vi lærer litt av kvar sving vi er innom på veg mot det endelege målet.

Vil halde kontakten med Nordfjord-ungdom

Gjennom Nordfjord alumni ønskjer Nordfjordakademiet å halde kontakt med ungdom som reiser ut av regionen for utdanning.

Målet er at Nordfjordakademiet skal halde ungdomane oppdatert om moglegheiter på heimplassen og i regionen elles gjennom utdanningsløpet deira.

Dette håpar dei igjen vil lette rekrutteringsarbeidet til bedriftene gjennom eit nettverk med oversikt over kven som utdannar seg til kva frå regionen vår.

Dei vil også sørge for at bedriftene samarbeider tettare om rekruttering, slik at ein sikrar både arbeidsgivar og arbeidstakar.

Men dette er berre ei av satsingane til Nordfjordakademiet.

– Bakgrunnen for Nordfjordakademiet var at alle snakka om at det var vanskeleg å rekruttere, kor mange som flytta vekk og ikkje kom tilbake og at vi hadde for lite lokale utdanningstilbod. Difor ville vi lage eit samlingspunkt mellom offentleg og privat næringsliv, som jobbar med rekruttering i kvardagen, seier Tom-Øyvind Solheim, som var med å starte akademiet.

Primæroppgåva er å ha kontakt med dei som søker arbeid i regionen, om det er tilflyttarar eller heimflyttar.

– Ofte er det slik at ein har funne jobb til ein, men treng gjerne jobb til to. I tillegg er det kanskje mange ting ein lurer på med omsyn til bustad, barnehageplass eller liknande. Då skal Nordfjordakademiet tilby ei koordinerande rolle, seier Solheim.