Filmen er regissert av Helge Hundeide, som opphavleleg kjem frå Årsheim på Stadlandet.

Han handlar om kampen mot utbygging av vindkraft på Stadlandet. Dokumentaren har premiere 12. februar, og kjem denne helga til kinoar i heile Nordfjord og resten av landet.

«Nokon vil ha det, nokon vil ikkje sjå det, men 1. januar er fristen vindkraftverket har for å kunne motta 15 år med subsidiar frå staten, grøne pengar. Når dei set spaden i jorda på Vestkapp har dei inga tid å miste, kvinner frå Selje og ein plagsam lærar frå Stadlandet må ikkje få bremse framdrifta på prosjektet til fleire hundre millionar kroner. Dette er forteljinga om vindkraft på Stad, fjellplatået som hadde stått urørt sidan istida», heiter det i filmomtalen på Filmweb.

Hundeide har mange års erfaring med filmproduksjon og arbeid knytt til dette, blant anna gjennom sitt eige selskap på Jæren og som frilansar for NRK, skriv Fjordenes Tidende.