Påskeutfarten fekk ein god start i går - både i turløypene, på fjelltoppar og ved alle skisentera i indre Nordfjord.

Blå himmel, sol, godt skiføre og fulle parkeringsplassar, melde Breimsbygda skisenter på Utvikfjellet.

Ved Stryn Vinterski  var 615 besøkande innom, og mykje snø i anlegget, park og airbag ventar på endå fleire gjester, melder skisenteret.

Ved Hornindal skisenter var det største utfartsdag så langt denne sesongen.

Yr.no kan du følgje verutsiktene for dei komande dagane.