- Det blir ikkje mindre stenging, men vi trur det blir enklare for brukarane når vi no har gjennomkøyring mellom klokka 11.00 og 12.00, seier Margot Aasebø i Statens Vegvesen.

Det er kome fleire reaksjonar på stenginga, og sist veke var det eit nytt møte mellom reiselivsinteressene, Stryn kommune og dei som har ansvar for utbygginga på strekninga ved Ugla.

- Alternativet til stenging på dagtid er nattarbeid og stor meirkostnad. Men det var semje om at vi ikkje skulle legge fram ei sak for fylket om meir pengar. Vi snakkar om vekene fram til 9. juli og fellesferien. Då skal stengingsperioden vere over, seier Aasebø.

Meir opning på dagtid mellom Olden og Innvik. Foto: Inge Fænn