Onsdag kveld kom det tre store trailerlass med snø frå Strynefjellet som skal bli underlag for treski i langrennet i Stryn sentrum laurdag.
70-80 kubikkmeter vart lasta på kvar av køyretya i Geiranger-krysset på Rv. 15. Det var Kveen, Erik Flåten og Thor Tenden Transport som var bidragsytarar for at Stryn skal få sin femte treskifestival.
-Vi vil leggje ut ei omlag 600 meter lang løype her nede i sentrum. I år blir det ingen bratte bakkar. Vi får sjå kor langt snøen rekk. Eg håpar vi alle kan ta dette med godt humør. Dette er verken hovedlandsrenn eller OL, smiler festivalsjef Torstein Tvinnereim.
I fjor deltok i alt 85 vaksne og 50 unge kostymekledde utøvarar i langrennet.