- De er eit førebilde for andre, sa arbeidsminister Anniken Huitfeldt då ho vitja Tenden Container og Gjenvinning i Stryn fredag.Statsråden er på rundreise for å lære meir om tilrettelegging av arbeidsplassar for folk med nedsett arbeidsevne i kortare eller lengre periodar. Ho starta dagen på Sandane Industri si avdeling på Visnes før turen gjekk vidare til Tenden Container og Gjenvinning.Arbeidstakarane møtte statsråden med smil og glede, og var tydeleg stolte over arbeidsplassane sine. Avdelinga på Visnes som har hatt arbeidet med ledningar til Vidre og Vestbuss har misst ein del arbeid, men Tenden opnar dørene for endå fleire arbeidstakarar. I neste veke reiser folk frå verksemda saman med Sandane Industrier til andre verksemder på Austlandet for å sjå korleis ein kan legge tilhøva endå betre til rette.