Stryn formannskap gav Tor Taraldset frist til 20. august med å selje garden på Skåden i Innvik som han overtok i 2011.

- To månader er kort tid, men likevel lenge nok i høve til tidlegare saksgang, vart det sagt i formannskapsmøtet.

Bakgrunnen for saka er i korte trekk: I juni 2011 fekk Tor Taraldset konsesjon for overtaking av garden. Vilkåret var busetjing innan juli 2013. Taraldset søkte i oktober 2013 om forlenga frist, men dette vart avslege. Heller ikkje anke til fylkesmannen førte fram og det vart sett krav om busetjing innan 1.oktober 2014. Når det ikkje skjedde, vart konsesjonen dregen inn.