Politiet etterforskar ei sak om mogleg økonomisk utruskap i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Fylkesrådmann Tore Eriksen sendte fredag føremiddag ut ei pressemelding der han opplyser at han gjennom ei internkontrollhandling rett før jul 2014 avdekka at ein tilsett kan ha gjort seg skuldig i økonomisk utruskap.

- Det er førebels for tidleg å seie noko om kor store beløp det kan dreie seg om. Saka vart tidleg på nyåret lagt fram for politiet, og ho vert no etterforska av økoteamet ved Sogn og Fjordane politidistrikt. Fylkesrådmannen samarbeider tett med politiet i saka og vil førebels ikkje kunne gje meir informasjon, seier fylkesrådmannen i pressemeldinga.

Han minne rom at ei sak som dette alltid vil ha karakter av også å vere ei personalsak. Fylkesrådmannen ber alle, som på ein eller annan måte måtte kome bort i saka, om å ta omsyn til dette.

Innad i fylkeskommunen har fylkesrådmannen informert dei som må kjenne til saka.