I morgon er det teltet sin dag, også i Stryn kommune. Tre campingplassar tilby gratis overnatting. Det er Sande Camping, Lovik Camping og Oldevatn Camping.

- Responsen har ikkje vore så stor hittil, men vi håpar å få ein fin dag i morgon. Det er friluftslivet sitt år, og fineveret har meldt sin ankomst. Det betyr også at fleire vil ligge i telt, seier Turid Sande Beinnes på Sande Camping.

- Så i morgon blir det stort opplegg?

- Ja, vi prøver det. Det skal bli leikar for borna med natursti, padling m.m. der 4H-klubben stiller på , og rømegrauten og spekematen skal vere klar slik som på jonsokafta. Vi prøver kvart år å leggje jonsokfeiring til den næraste laurdagen, seier ho.

- Korleis har trafikken vore på campingen hittil i år?

- Vi har hatt godt med trafikk på hyttene, men få har lege i telt. Dette vil nok endre seg no med fineveret som er meldt, seier vertinna på Sande Camping.

9 campingplassar i fylket tilbyr gratis overnatting i telt og 65 i heile landet.