Bunnpris Stryn kjem på femte plass i NM i frukt og grønt, som vert arrangert av Opplysningskontoret for frukt og grønt i samarbeid med bransjebladet Dagligvarehandelen og analyseselskapet Nielsen Norge. Det er sjuande året denne bransjekåringa vert arrangert.

Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug deltok ved kåringea avvinnarane i NM i frukt og grønt 2013 torsdag. Om lag3.700 daglegvarebutikkar var med i konkurransen om kåring i firekategoriar.

Bakgrunnen for NM i frukt og grønt er ønsket om å motivere forbrukarane til å ete meir frukt og grønt, skriv Dagligvarehandelen. Gjennom konkurransen skal ein framheve og heidre dei som gjer ein god jobb kvar dag med frukt- og grøntpresentasjonane sine, slik at forbrukarane får lyst til å handle meir frukt og grønt.

NM i frukt og grønt 2013, resultat (henta frå Dagligvarehandelen.no)

Breisortimentbutikkar:

1) Meny Røa

2) Eurospar Blomsterdalen

3) Coop Mega Bekkestua

Hypermarked:

1) Ultra Colosseum

2) Coop Obs! Harstad

3) Coops Obs! Vestkanten

Lågpris:

1) Coop Prix Torsby

2) Rema 1000 Borg

3) Coop Extra Florø

5) Bunnpris Stryn

Nærbutikkar:

1) Coop Marked Syvde

2) Joker Gibostad

3) Matkroken Tranøy