Kompetanseløft og ansvarsdeling mellom stat og kommune er tiltak i ei ny reform som skal styrke vernet for barn.

Barne- og likestillingsminister Solveig Horne (Frp) presenterer no arbeidet med ei kvalitets- og strukturreform for eit betre barnevern, melder Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet i ei pressemelding.

Reforma inneber ei endring i ansvarsdeling mellom stat og kommune. Det skal føre til tidleg og meir tilpassa hjelp til utsette barn og familiar. Ifølgje barne- og likestillingsministeren vil auka ansvar til kommunane gje større handlingsrom og moglegheiter til å komme tidlegare inn med rett hjelp til rett tid.

– Målet er betre samhandling og færre omsorgsovertakingar. Kommunen sin nærleik til innbyggjarane skal gje eit betre tenestetilbod, også på barnevernsområdet, seier barne- og likestillingsminister Solveig Horne.

Meir kompetanse er ein grunnleggjande føresetnad for auka kommunalt ansvar for barnevernet, heiter det i pressemeldinga. Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet startar no ei kartlegging for å finne kva kompetanse barnevernstenestene treng for å løyse sine oppgåver på ein god måte, og på kva område kommunane opplever at dei treng meir kompetanse. (©NPK)