Kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) anbefaler skulane å praktisere avmelding til skulegudstenester, i staden for påmelding, slik Kunnskapsdepartementet anbefaler.

Skular kan dermed arrangere julegudsteneste på gamlemåten, skriv Vårt Land.

Berre eitt døgn etter jubel blant humanetikarar og nye overskrifter om at «regjeringa held fast ved at elevar aktivt må meldast på gudstenester», forsikrar kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) at det er opp til skulane å velje sjølv.

– Og eg håpar at dei vel å praktisere ei aktiv avmelding framfor ei aktiv påmelding, seier kulturministeren.

Bodskapen frå regjeringa er dermed ein ganske annan enn det Den norske kyrkja fekk i brevs form frå Kunnskapsdepartementet sist veke.

– Kunnskapsdepartementet har ikkje planar om å endre retningslinjene for gudstenester eller andre religiøse aktivitetar i skuletida, heitte det då.

– Brevet er sendt ut frå Utdanningsdirektoratet som eit rettleiande råd. Det er bra at vi har ryddige reglar, seier kulturministeren.

– Vi ser at religionen blir meir synleg no, i eit meir fleirreligiøst samfunn. Viss vi også skal møte muslimar og buddhistar i kvardagen, må vi vere trygge på vår eiga tru og ståstad. Vi har ei folkekyrkje i Norge etter Grunnlova. Den kristne kulturarven ligg til grunn og derfor er det bra at elevar får moglegheit til å delta i kyrkja, fortset ho. (©NPK)