Trucknor avdeling Stryn er kåra til beste Volvo-bussverkstad i Norge.
- Dette er ein kollektiv pris som alle våre 21 tilsette har æra av, understrekar avdelingsleiar Geir Ryen Vingsrygg.
På diplomet står: "Trucknor avdeling Stryn kan i 2015 vise til oppnådde resultat , i tillegg til at dei har handtert større anbodsleveringar med utmerka resultat. Dei presterer på eit høgt nivå."
- Vi har lenge vore klar over at verkstaden i Stryn leverer god kvalitet. Denne kåringa viser at dei er best i landet. Trucknor avdeling Stryn tener også pengar, seier Svein T. Rylandsholm, dagleg leiar i Trucknor Sogn og Fjordane.
Arvid Gimmestad, ettermarknadsleiar i Trucknor, gjev fylgjande bakgrunn for kåringa.
- Volvo Norge som er vår importør av lastebilar og bussar, hadde i januar ei oppsummering av fjoråret. I den samanheng vart det delt ut fem prisar. Ein av dei, til beste bussverkstad, gjekk til Sogn og Fjordane og Stryn.
- Dette må vere ei fjør i hatten for avdelinga i Stryn?
- Ja, Geir (Ryen Vinsrygg) og staben hans har grunn til å vere stolte. Det kom klart fram på markeringa som vi hadde tidlegare i dag, opplyser Arvid Gimmestad.
Fjordingen fekk også servert ei anna gladmelding under besøket hos Trucknor. - Vi har fått leveransen på 73 bussar til Firda Billag. Desse skal leverast før ferien, fortalde avdelingsleiar Geir Ryen Vinsrygg