- Det er utfordrande å få folk inn i styret, seier Per Helge Bø, som sit i valnemnda i idrettslaget.

- Vi har gode folk i laget, men desse er gjerne opptekne av å drifte grupper.

Under årsmøtet i fjor vart det vedteke eit styre utan nestleiar, og det siste året har Bø og Knut Løvdal Stauri i valnemnda brukt mykje energi på å finne ein person til dette vervet, men utan å lukkast. Denne situasjonen har også gjenteke seg i år. Bø er heller ikkje komfortabel med styresituasjonen som heilskap når ein ser eitt år fram i tid.

- Vi får ein utfordrande situasjon i 2017, seier han og peikar på at over halvparten av styremedlemmane står på val.

Når det gjeld leiarvervet har det vist seg vanskeleg, om ikkje umuleg, å finne ein erstattar for Jonn Beinnes. Under årsmøtet tysdag tok han nok ein gong på seg leiarvervet, sjølv om han gjerne skulle slept andre kostar til. I første omgang har Beinnes takka ja til eit nytt år i leiarstolen. Det blir hans 23. år.

- Eg trur kanskje noko av årsaka til at folk vegrar seg, er at vi står midt opp i Arena Stryn, seier Beinnes, og håpar og trur at med ei avklaring på dette store prosjektet vil også leiarposten bli lettare å fylle i framtida.

Styret til Stryn T & IL ser slik ut:

Leiar: Jonn Beinnes (1 år)

Nestleiar: Ingen førebels, men styret har fått mandat til å finne nokon.

Sekretær: Hans Sigmund Kirkeeide (1 år).

Kasserar: Nina Aarnes

Styremedlem anlegg: Torfinn Moen (1 år)

Kontrollutvalet: Bjørn Norlie

Styremedlem: Gunn Norlie.

Vara styremedlem: Marit Nordheim Otterdal

Valnemnd: Per Helge Bø og Knut L. Stauri.