Medan ordførarane Lødemel og Flo tydeleg har sagt at dei gjerne ønskjer ei samanslåing med Ørsta/Volda og eventuelt ei innlemming i Møre og Romsdal, held Per Kjøllesdal (Sp) frå Utvik fast på at dette alternativet er uaktuelt.

– For Hornindal sin del er det naturleg å sjå både sørover og nordover. Kven dei ønskjer å samarbeide med er deira eiga avgjerd, som vi må ha full respekt for. Men for Stryn sin del er ei samanslåing med Ørsta og Volda etter mitt syn totalt uaktuelt, seier Kjøllesdal til Fjordingen.

Tre debattar i ein

– Det er eigentleg tre debattar som blir sausa saman i ein, seier Kjøllesdal.

– Kommunereforma, som ein no er inne. Her skal det vedtakast ny kommunestruktur i Stortinget i 2019.

– Økonomi: Forslaget til nytt inntektssystem for kommunane er ute på høyring, og har høyringsfrist 1. mars.

– Regionreforma: Fylkeskommunane vart i fjor inviterte av kommunal- og moderniseringsministeren også inviterte til å delta i reformprosessen og ta «nabopraten».

Uaktuelt

– For meg er det kommunereforma vi no er inne i og må forhalde oss til, seier Kjøllesdal.

Han held på at ei samanslåing med naboane på andre sida av Kviven ikkje er noko alternativ for Stryn. – Det vil bli ein kommune med altfor vid geografisk utstrekning, og konsekvensane vil bli mykje større for Stryn enn det som har vore belyst til no. – Kva for konsekvensar snakkar du då om?– Det som nok er det vanskelegaste er å bli einige om eit kommunesenter. Eg trur ikkje ein slik kommune ville få sentrum i Stryn. Dermed ville vi få store endringar for lokalbefolkninga, seier Kjøllesdal, som legg til at dei som har jobba med saka seier det er snakk om ein slik storleik at for å få lokal påverknad må ein ha to politiske nivå. – Å organisere ein kommune på den måten trur eg ikkje er nokon fordel i det heile teke, seier Kjøllesdal.

Åleine eller med Hornindal

– Trur du det er meir naturleg å ta opp igjen tråden med Gloppen og Eid?

– Eg trur problemet er det same der. Vi gjekk ut med sju forskjellige alternativ i utgangspunktet, fordi det var litt i det blå kva oppgåver ein fekk. Så kom proposisjonen, og der ligg veldig lite nytt. Det kommunane skal driv med framover er i alt vesentleg det ein driv med no. Ut frå det meiner eg vi har to alternativ, å halde fram som eigen kommune er slå oss saman med Hornindal, dersom Hornindal ser seg tent med det. Det meiner eg er gode løysingar, begge to.

Ikkje noko framsteg

– Reint hypotetisk, kva vil det ha å seie for vikaneområdet om Stryn vert ein del av Møre og Romsdal?

– Det ein umiddelbart ser er at elevane våre då ikkje lengjer kan gå på skule på Firda eller Eid. Dette vil då bli skular som elevar i Stryn og Hornindal i utgangspunktet ikkje kan gå på. Det er i alle fall ikkje noko framsteg, etter mitt skjønn. Tvert imot. Ikkje minst med den E39-utbygginga vi står føre, seier Per Kjøllesdal, og viser til tunnelen gjennom Utvikfjellet som vil gjere vegen kort mellom Stryn og Gloppen.

Heile kommunen samla

Å skulle ha ein kommune strekkjer seg frå Ørsta til Utvik er ingen god ide i det heile teke, meiner Kjøllesdal.

– Det er klart at for Vikane er det kortare til Førde enn til Volda. Men det er underordna. I denne saka må ein sjå kommunen samla. Sjå kva Stryn er best tent med, og då meiner eg vi anten må halde fram åleine eller i lag med Hornindal.

Kommunereforma

  • Innan 1. juni 2016 skal kommunane ha gjort vedtak om framtidig struktur og sendt til fylkesmannen

  • Stortinget handsamar ny kommunestruktur i juni 2017'

  • Ordførarane i Stryn og Hornindal har sagt dei gjerne ser ei samanslåing med Ørsta og Volda, der Stryn og Hornindal evt. blir ein del av Møre og Romsdal

  • Ørsta og Volda har sagt dei først og fremst vil vurdere samanslåing seg imellom, men held døra open for Stryn og Hornindal i neste fase