Ein bilførar i 20-åra heimehøyrande i indre Nordfjord vert forgjengar for ei stund etter å ha køyrd inn i strynpolitiet sin laserkontroll på rv 15 aust for Stryn sentrum onsdag ettermiddag. Lasermåleren viste 126 km/t i 80-sona.

Politiet skreiv og ut tre forenkla førelegg der høgste fart var 112 km/t. Ein person vert anmeldt etter å ha nekta førelegg for å ha køyrd i 105 km/t. Dei som fekk forenkla førelegg var alle på gjennomreise, opplyser politiet.