Ordførar Sven Flo fekk ei uvanleg oppgåve då formannskapet avvikla møte på Vikane skule.
- 1. klasse har bestemt at du skal få låne klassebamsen Snowflake. Men du må love å levere han attende til første timen måndag morgon. Og då må du også ha skrive i boka, slik at elevane får sjå kva ordføraren har gjort på desse dagane. Og teksten må vere på nynorsk, presiserte rektor Turid Øye Rustøy.
- Ja, det kan eg love. Eg skal sørge for at både bamsen og boka er på Vikane skule måndag morgon, forsikra ordføraren.