- Eg er veldig glad for den stor oppslutninga om folkemøtet her i Hornindal. Fram til høyringsfristen 16. juni må vi jobbe knallhardt og lage ein skikkeleg uttale på kva som skal utgreiast, sa Lødemel. Han lova å engasjere seg i betydeleg grad i denne saka. Målet vil vere å få eit samrøystes vedtak om uttalen i kommunestyret.

Går ut til andre

Honndalsordføraren lar engasjementet sitt også gå utom Hornindal sine grenser. Bjørn Lødemel har sendt e-post til ordførarane i samtlege kommunar som er råka av planane som er lagde fram i det omfattande meldingsdokumenet frå Statnett.

Her påpeikar Lødemel at det for Hornindal sin del er snakk om ei totalrasering av heile dalføret dersom linja blir lagt her. "Dersom det er ønske å påverke det som skjer, er det ein stor fordel om vi kan samle oss i størst mogleg grad", skriv ordføraren.

Les meir i papirutgåva måndag